Nils-Ingar Aadne «Da var det oss»

nilsi

Humorshow med Nils-Ingar Aadne

I 2015 kom Nils-Ingar Aadne med stand-up showet «EGO». Her tok han for seg sin eigen egoistiske livsstil og fokuset på seg og sitt.

I sitt nye standup-show «Da var det oss» handlar det ikkje berre om han sjølv, men om oss alle og samfunnet me lever i. Sidan EGO gjekk Nils-Ingar frå meg til oss, han fekk seg kjæraste og sambuar. Så skjedde det utenkelege. Hausten 2018 døde kjærasten hans brått og uventa av hjartestans. Igjen står han der åleine, mens verden går vidare. Det må han også.

«Da var det oss» handlar om å få livet i trynet og gå vidare, om kvardagslege småting og kor sinte folk har blitt. Om robotstøvsugarar og pandemi. Den handlar om oss.

 

Regi: Thomas Giertsen

Produsent: Feelgood&iStage AS

 

«Publikum hadde bare en ting å gjøre da han takket for seg, det var å takke med stående langvarig applaus.» - Tønsberg Blad

 

Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen

Dato: Fredag 18. februar 2022

Tid: kl. 19:00

Varigheit: ca. 70 minutt utan pause.

Billettprisar:

Kr. 415,- Ordinær

Kr. 355,- Student

Kr. 355,- Gruppe: Rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla

 

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her.
Eller i kiosken på kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)