Førjulsmoro 2021

Førjulsmoro bilde

Det er blitt ein tradisjon med Førjulsmoro i Sogndal kulturhus første laurdagen i desember. Etter eit år pause med julemarknad på grunn av pandemien er me no endeleg klare for Førjulsmoro med fullspekka program.I år blir det laurdag 4. desember.
Det blir stor aktivitet på huset heile dagen. Julemarknad med salsbodar i Vestibylen og på Galleriet, kino i Sal 2 og sal 3, Grautkafè i Blaoboxen, gratis Juleførestilling i Storsalen. Og kanskje Julenissen dukkar opp?

Det vil vera fullt opp av flotte produkt og mange spennade julegåver på julemarknaden.
Ta med deg heile familien og kom i julestemning!

Smittevern: Kommunen tilrår oss å følgja nasjonale retningslinjer for smittevern frå 1/12, og stiller i tillegg krav om bruk av munnbind for vaksne der det ikkje er mogleg å halda avstand!

PROGRAM:


• Kl. 10:00 – 15:00 Julemarknad i Vestibylen og på Galleriet.

• Kl. 10:00 – 15:00 Teiknebord i Klasserom 3.

• Kl. 11:00 – 15:00 Grautkafè i Blaoboxen

• Kl. 13:00 - Mini-konsert med aspirantane i Sogndal Skulemusikk

• Kl. 13:00 Kino i Sal 2: Fortellingen om Karl-Bertil Jonssons julaften
Les meir og kjøp billettar her: https://www.sogndal.kulturhus.no/incoming/article1474527.ece

• Kl. 13:15 Kino i Sal 3: Tre Nøtter til Askepott
Les meir og kjøp billettar her: https://www.sogndal.kulturhus.no/incoming/article1472911.ece

• Kl. 15:00 Juleførestilling i Storsalen med Sogn kulturskule, Sogndal Ballettskule,
Sogndal og Leikanger skulemusikk og Sogndal Turn Sportsdrill. Gratis inngang!


Kulturhuskiosken er open heile dagen.
Der kan du kjøpa gåvekort som julegåve.


Kanskje julenissen tek turen innom kulturhuset denne dagen og?




OVERSIKT UTSTILLARAR PÅ JULEMARKNADEN⭐️

Alle stand med mat og drikke finn du i 2. etasjen, og dei andre er i 1. etasjen på kulturhuset.



HUSFLID:

• Gry Marie Øy: Heklaproduk

• Anita Sjøthun: Kort, pakkelapper, gaveesker med sjokolade, kaffe m.m

• Dagrunn Folkestad: Heimesydde barnekler og dokkekler

• Ingela Johansson: Handlaga gåveprodukt, kransar og mosedekorasjonar

• Astri Holum: Ullprodukt, nissar, smykker og bilder

• Bjørg Holum: Strikka vottar, kvistar, vrihassel, kaker og julenøtter.

• Caroline Holme: Heimelaga julekort, twist/kaffi ekse, ulike typar sjokoladekort

• Marita Stalheim: Kranser, hjerter og små juletre

• Marianne England Bergum // LAGA: Sjølvsydde kle + tilbehør, samt dørkransar

• Denisa Jancovicova: Smykker, handmålt bord og brett og mykje meir.

• Jostein Kvåle: Spekepølse av geit, geiteskinn og kasjmirgarn.

• Cecilie Sørlie og Ingebord Sivertstøl: Tupperware produkter

• Arlene Singdahlsen: Håndlaga smykker

• Tuva Eikevik-Rue: Måleri

• Grethe Høyland: Småstrikk: sokkar, tøfler, vottar, panneband, huer, klutar og gryteklutar

• Karolina Alberska: Heimelaga duftlys og diverse heimelaga julepynt




TREPRODUKT:

• Torbjørn Stokke/ Jorunn Fjermestad: Tredreeing , skåler, kuler, fat, diverse julepynt i tre

• Einar Nedrebø: Treprodukt

• Oddbjørn Ramstad: Tredreiing



MAT OG DRIKKE:

• Almgard Is AS v/ Guus Morel: Honning, gavepakker og iskrem

• Frk. Engsbråten AS: Heimelaga godteri

• Gullbia - Heidi og Anne Sigrids blomsterhonning: honning

• Kåre Haugland - Norgesmat: Spekemat og spekepølse

• BRASA Restaurant & Bar: Gavekort og smaksprøvar

• Synnøve Fretheim: Lefsekling og sunnfjordlefse

• Gunvor Lidal: Eplepress pasturisert eplejuice i pouch-up 3 liter

• Knut Erling Øien: Honning

• Asiatisk Butikk Sogndal: Vårruller (steikte og frosne) og boba drikke




ANDRE PRODUKT:

• Martin Bjellum: Eiga skreve bok.

Ynskjer du meir informasjon om julemarknaden så ta kontakt på mail: karoline@kulturhus.no