Sogna Skraol Klokka 2115-2305 Storsalen 2

Sogna Skraol logoen

Konsert Serie 2 i Storsalen

undefinedundefined


Dobbeltgjenger

Dobbeltgjenger er eit alternativt rockeband frå Bergen. Fargerik og glødande som neonlys, mektig som hardrock og feststemt som disco! Musikken er like mørk som han er lys, forvirrande og veldig til stades. Slik er Dobbeltgjengers natur. På scena er dei ein eksplosjon av heftig rock, framført med dødeleg presisjon og innlevelse.

- passelig hard, passelig infløkt, tidvis funky og svært presis rock. (Erik Fossen, Bergens Tidende)

- The single ‘Building Skyscrapers’ has gradually got inside me, to the extent I’ve found myself listening on repeat. And then again and again .... it’s just completely addictive. (Nordic Music Review)

- Accessible, original, varied and addictive rock album, Music Waves (France)

- A new kind of rock music! Museek (Germany)

Himmelstorm

I den vesle norske byen ved fjordane og høgfjellet i nord vart bandet Himmelstorm etablert som duo med Gøran på vokal og Vemund på gitar, bass, tangenter og programmering. I 2019 blei Jostein Brugrand med på bass og Vemunds bror Vegard Osland (Slave Force One) på gitar. Seinare i 2020 fekk bandet endeleg selskap av Øyvind Møller på trommar som fullførte kvintetten.
Musikkstilen til himmelstorm kan beskrivast som melodisk metall med påverknader frå band som Metallica, In Flames, Dream Theater, Pantera og Fear Factory. Bandet kjem no på Sogna Skraol!