Sogna Skraol Klokka 18-21 Blaoboxen 1

Sogna Skraol logoen

Konsert Serie 1 i Blaoboxen

undefinedundefinedundefined

NB! banda har forandra på tidspunktet dei skal spele!

kl 18.00kl 19.00Stilige Dann



kl 19.15kl 19.45Røysum



kl 20.00kl 21.00Hermans Verk

Stilige Dann

Amerikansk perfeksjon på nynorsk–med Stilige Dann

Øyvind Lægreid, mannen bak «Eagles på nynorsk» trommaisamandettetributebandet, til æra for den amerikanske gruppa Steely Dan.

«Stilige Dann» er namnet og alle tekstar er sjølvsagt på nynorsk. Ideen var å setja nynorske/dialekt tekstar til mange av Steely Dan sine mest kjende låtar. Steely Dan vart etablert i 1972 av Donald Fagan og Walter Becker. Jazz, fusion, rock, funk og pop stod på repertoaret til gruppa som var kjend for å vera perfeksjonistar i alle musikalske samanhengar. Stilige Dann kom til verda våren 2019 og debuterte under Påskerocken i Årdal, med ei salig blanding av velvaksne musikarar og dei pur unge vokalistane Beatrice Juskaite og Anna Jevnaker Asperheim. Antonina Zerbst har etter kvart overteke vokal rollen til Anna. Jamvel har dei med seg ei herleg blåserekkje, alle med lang fartstid i Sogndal Storband. Den store debuten kom under Balejazz 2019, der Stilige Dann verkeleg sette sitt preg på festivalen. God orda hagla etter konserten, og bandet fekk deretter ein velfortjent plass til Målrock 2019. Under Målrock gjorde bandet ein fantastisk konsert og fekk strålande mediaomtale for sitt særpreg av nynorske songar godt framført av dyktige solistar. Same året gjekk turen til Nynorske litteraturdagar, der bandet gjennomførte to konsertar. Mange tilhøyrarar vil nok hugse den flotte konserten i Vangen kyrkje i Aurland. Det blir ei særs spanande konsertoppleving for dei som tek turen til Sogna Skraol.

Røysum

Røysum er eit band/musikkprosjekt som i hovudssak består av Eivind Røysum (trommer) og Ingvar Lønne Lunden (gitar/vokal). Musikken er heimelaga, ekte, uperfekt og med nynorske tekstar.
Med seg har dei fått med seg Lars Ivar Menes på gitar, Terje Fardal på bass og Tor Husabø på tangenter.


Hermans Verk

Hermans Verk ble etablert på på 80-tallet av fem sindige systrendinger og smågal Oslo-gutt som forvillet seg til Leikanger i Sogn. I over 30 år har bandet trofast fremført sine egne låter og tekster. De siste årene har Hermans Verk også blitt spilt en del på radio og turnert litt utenfor Sogn. Bandet er mest kjent for sangene ‘’Der hjertet mitt er’’, og ’Naturmedisin’’.