Me søker kulturhusmedarbeidar

kiosken

Me søker etter kulturhusmedarbeidar i deltidsstilling.

Du må vera positiv og skape engasjement, samt ha god gjennomføringsevne. Du må ha evne til å bevara roen under stress, og du må vera serviceorientert, fleksibel og ha stor arbeidskapasitet. Me ser etter ein person som er sjølvstendig og sjølvgåande, samtidig som du jobbar godt i team.

Arbeidsoppgåvene vil vera knytta til kiosk, billettsal, kundeservice, reinhald og elles ved arrangement.

Det er snakk om helgearbeid og kveldsarbeid i fast oppsett, samtidig som du må vera fleksibel og tilgjengeleg ved sjukdom og behov for ekstra bemanning. Du må også kunne jobba i skuleferiar, jul, påske og sommar. Stillinga passar for skuleelevar/studentar og andre som er ute etter ein ekstrajobb. Oppstart snarast mogleg. Du må vera fylt 18 år.

Oppfyller du alle desse krava håpar me du søker.

Send jobbsøknad og CV til sogndal@kulturhus.no

Søknadsfrist: Søndag 19. september.