Riksteatret: Mine venner

nytt bilde mine venner

Mine venner
av Monica Isakstuen. Dramatisert av Kjersti Haugen

Surprise party frå helvete

Ho har nettopp «gjort det slutt» med bestevenninna. Henne som ho har delt alt med, fortalt hemmelegheiter til og hata resten av verda med. Ho er rasande. Vel innafor døra i eiga leilegheit høyrer ho stemmer frå soverommet. Der står alle ho har kalla venninnene sine. Dei kjem frå ulike stader, ulike fasar av livet. Det er bursdagen hennar, og dei gir henne ein overraskingsfest ho aldri kjem til å gløyme. Éi etter éi held dei tale: Litt for ærleg. Altfor utleverande.

Den kritikarroste romanen «Mine venner» handlar om vennskap. Invaderande vennskap, gode gamle vennskap, konfliktfylte vennskap, situasjonsbetinga vennskap og ferske vennskap som liknar maniske forelskingar. Kven maktar du å vere når du møter alle du nokonsinne har kjent? Kven er du utan vennane dine?

Monica Isakstuens sjeldne blanding av inderlegheit og humor gjer henne til ein god forfattar og et fascinerande menneske. På ein gjenkjenneleg og underholdande måte torer ho snakke om det vi ikkje kan seie til kvarandre, det ingen av oss vågar å snakke om når det handlar om vennar.

Håpar vi sjåast når boka vert forvandla til teater for heile landet!

Sagt om romanen:
«Underholdning på høyt nivå, få pauser og lite small talk»
Dagsavisen (5)

«På glimrende vis illustrerer Isakstuen spennet mellom sosialt akseptert oppførsel og ukultiverte instinkter.»
Aftenposten

«Ikkje gje denne til venninna di utan å ha lese han sjølv først!»
NRK

«Venninneforhold dissekeres på hett og skarpt vis»
Dagbladet (5)

«Monica Isakstuen dyrker den norske hyggelighetens mørke underside på underholdende vis
BT

«Monica Isakstuen mestrer et bredt repertoar når hun løfter vennskapets mangslungne vesen opp som studieobjekt – og som uhyre»
Morgenbladet

Med Maria Bock, Evy Kasseth Røsten, Linn Bjørnvik Grøder og Katja Lindeberg.

Etter ein roman av Monica Isakstuen. Dramatisering og regi Kjersti Haugen. Scenograf og kostymedesignar Milja Salovaara. Lysdesignar Øyvind Wangensteen. Komponist og lyddesignar Gaute Tønder. Dramaturg Morten Kjerstad. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Riksteatret.

 

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato: Søndag 8. mai 2022
Tid: kl. 18:00
Framsyningslengde: 1 time og 20 minutt (ingen pause)

Billettprisar:

Kr. 420,-   Ordinær

Kr. 340,-   Honnør

Kr. 340,-   Samarbeidspartnarar: LOfavør, Statnett, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta, Norsk bibliotekforening og Vi over 60. Max 4 bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.

Kr. 340,-   Gruppe: Rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla.

Kr. 320,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

Kr. 210,-  Vennerabatt. 2 for 1. Kjøp 2 billettar å få halvpris på billettane.

Kr. 180,-   Alle under 30 år: Gyldig bevis må visast.

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino onsdagar, fredagar og søndagar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid.