Jul på Månetoppen

månetoppen, liggande

Teater for heile familien i Storsalen!

Kommunen tilrår oss å følgja nasjonale retningslinjer for smittevern frå 1/12, og alt går som planlagt.
I tillegg stiller kommunen krav om bruk av munnbind for vaksne der det ikkje er mogleg å halda avstand!

 

Omtale:

Vesle Julaftan skal raudnissejenta Jentungen til Månetoppen for å bli langluenisse, men for å få langlua, må ho nissa nissestrekar og nissegleder kvar dag. I Blåfjell må Storm og dei andre blånissane vera inne i fjellhòlene heile desember. I haust plukka nemleg raudnissane alle blåbæra på Månetoppen, så i vinter har ikkje blånissane blåbær å laga blåtimar av så fjellet kan opna seg! Det bryt ut strid mellom raudnissane og blånissane om kven som har rett til Månetoppen, og midt i striden står Storm og Jentungen. Til slutt legg dei to i veg til den gamle, kloke Grånissen ved Havet for å spørja om han kan hjelpa dei å skapa fred. På den farefulle ferda til Havet finn Storm og Jentungen ut kven dei eigentleg er, noko som forandrar alt.

Jul på Månetoppen er ein varm og spennande førjulsførtelling for heile familien - og naturlegvis er dei kjente og kjære songane frå TV-serien med.    

Bli med inn i Gudny Ingebjørg Hagens fantastiske nisseunivers kjent frå NRKs julekalendara «Jul i Blåfjell» og «Jul på Månetoppen»!

 

Passar for barn frå 4 år og oppover.

 

Basert på NRKs julekalender «Jul på Månetoppen»

Idé og manus: Gudny Ingebjørg Hagen

Regi: Bjørn Birch

Musikk: Geir Bøhren og Bent Åserud

Produsert av: NRK

Av og med: Victoria productions

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen

Dato: Torsdag 2. desember

Tid: kl. 15:30 og kl. 18:00.

Varigheit: Ca. 2 timar inkl. pause på 20 minutt.

Billettpris: kr. 315,-

 

Billettar kan kjøpast ved å trykka på det tidspunktet du ynskjer å sjå framsynga, rett under bildet.

Følgjekort? eller rullestol? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Eller sende e-post til sogndal@kulturhus.no