AVLYST! Teater Vestland: Jenta med fyrstikkene

jenta med fyrstikkene

Framsyningane torsdag 25. november er desverre avlyst på grunn av smittesituasjon i kommunen.

Me må dessverre avlyse førestillingar med «Jenta med fyrstikkene», torsdag 25. november.

På grunn av aukande smitte har Sogndal kommune innført påbod om 1-meters avstand mellom barn.

Då denne teaterframsyninga er ei interaktiv framsyning, der alt går føre seg inne i ein blackbox i lag med publikum kan dei dessverre ikkje gjennomføra denne på ein trygg måte.

Alle billettar blir refunderte.
Har du kjøpt billettar på nett blir dei automatisk refunderte.

Har du kjøpt billettane i kiosken på kulturhuset ber me deg ta kontakt med kulturhuset for refundering!

 

 

Har du høyrt eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og sel fyrstikker? I så fall gløymer du henne aldri.

H.C. Andersens eventyr «Piken med svovelstikkene» er eit av dei vakraste og såraste eventyra vi har, ein udødeleg klassikar for barn. Eventyret er frå ei anna tid, men det er like opprørande i dag: Kvifor er det ingen vaksne som hjelper jenta? Kvifor går dei berre forbi, korleis kan dei tole det? 

Små barn har stor sans for rettferd, og dei forstår godt at eventyret handlar om nestekjærleik. Det er julas bodskap, det, og få juleforteljingar stikk djupare i oss enn denne. I vår versjon inviterer vi barn inn i ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd.

Familieframsyninga høver for alle frå 5 år.

NB! Publikum skal ikkje sitte i salen, men på lause stolar ein blackbox.
Framsyninga vert spelt i ein blackbox på scena i Storsalen, derfor berre 50 billettar tilgjengeleg.



KUNSTNARLEG LAG:

Av
: H.C. Andersen
Regissør: Miriam Prestøy Lie
Dramaturg: Cecilie Grydeland Lundsholt
Visuelt uttrykk: Synnøve Ringdal
Lysdesignar: Krystian Myska
Omsetjar: Terje Lyngstad

MEDVERKANDE:
Kyrre Eikås Ottersen
Idun Losnegård
 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Onsdag 24. november og torsdag 25. november 2021.
Tid: Kl. 19:00 begge dagar
Varigheit: ca. 45 minuttar.

Billettprisar:
kr. 380,- Ordinær

kr. 310,- Gruppe: Rabatt ved kjøp av minimum 5 billettar samla.
kr. 310,- BOB - medlem: Må visa medlemskort ved innslepp/ henting av billettar.
kr. 310,- Honnør

Kr. 260,- Teaterven: For medlemmar av teaerlauget, må oppgi tilsendt rabattkode.

kr. 130,- Ung: Gjeld ungdom 16 - 30 år.

Kr. 120,- Born: gjeld for barn og ungdom til 16 år.

 

 

 

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen rett under bilde.
Eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)