LAVA

lava

LAVA PÅ TURNÉ

Det er no 43 år sidan dette legendariske bandet blei starta i Årdal, og i fjor var det 40 år sidan dei ga ut sitt debutalbum, "Lava" i 1980.

Dette skulle bli starten på eit livslangt eventyr og ikkje minst ei musikalsk reise av dei sjeldne.
Lava har aldri oppløyst seg, alle har heile tida vore dedikert til musikken på fulltid.

Deiras 9. studioalbum, WATER, med 12 nye låtar i umiskjenneleg Lava ånd og utført av briljante utøvara, kom i august 2019. No jobba dei med endå eit nytt album, kor låtane vil bli slept fortløpande utover våren og sommaren.

På sin turné denne våren håpar bandet å møta flest mogleg av sitt publikum i Sogndal, sjølv om det blir avgrensa med billettar på denne konserten på Sogndal kulturhus.

Publikum vil få presentert et knippe av nytt materiale, i tillegg til dei gode gamle låtane frå bandets store repertoar. Me snakkar om trøkk, musikalitet og musikalske opplevingar med landets beste musikarar!

Lava på scenen sommaren 2021 er:

Egil Eldøen – vokal

Svein Dag Hauge – gitar

Per Hillestad – trommer

Tom Erik Antonsen – bass

Frode Østang Mangen – keyboard

Kåre Kolve – saksofon

Jens Petter Antonsen - trompet

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Torsdag 10. juni 2021
Tid: Kl. 19:00
Varigheit: ca. 90 minutt

Billettprisar:
Kr. 470,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!

Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper. Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til. Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen