Strengeplukk

strengeplukk liggande bilde

Strengeplukk kjem til Blaoboxen i anledning deira sommarturné!

Gjennom dei siste fire åra har Strengeplukk etablert seg som eit av dei mest virtuose, utforskande og energiske gruppene på den norske bluegrasscena, sterkt inspirert av ny og gamal bluegrassmusikk frå USA. Bluegrass opplevast ved første lytt for mange som musikken dei ikkje visste at dei elska og Strengeplukk har stolt fått vera med på å åpne øyrene til mange og einkvan sida dei starta opp i 2015. Scenisk sett er Strengeplukk nærast unikt i norsk samanheng. Runddansen som oppstår ved bruken av ein einaste mikrofon, såkalla «one-mic technique» er verd turen åleine! Gruppa gav i november 2020 ut vinylen «Nyslått Blågras» med folkemusikkinspirert bluegrass og "blaogras" på dialekt og spelar denne kvelden musikk frå plata såvel som tidlegare utgitt musikk samt tradisjonell bluegrass frå det amerikanske repertoaret.

Ein kan trygt seia at Strengeplukk er på heimebane i Blaoboxen. Fleire av bandet sine medlemmar kjem frå fjordfylket og mandolinist/vokalist Andreas Barsnes Onarheim er oppvaksen på Barsnes. 






Besetning:
Andreas Barsnes Onarheim (mandolin/vokal)

Nikolai Storevik (fele/vokal)

Thorbjørn André Bilstad Olsen (banjo/vokal)

Jakob Folke Ossum (gitar/vokal)

Vidar Starheimsæter (kontrabass/vokal)

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Blaoboxen
Dato: Torsdag 24. juni 2021
Tid: Kl. 20:00
Varigheit: ca. 1,5 t.

Billettprisar:
Kr. 260,-   Ordinær

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no



Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!

Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper. Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til. Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen