Musikksommarskule - Sogndal Kulturhus

bandmusikk

Sogndal Kulturhus skal i veke 25 og 26 arrangere musikksommarskule i samarbeid med ungdomsavdelinga i Sogndal kommune.

Vi har tilbod for alle instrument å delta i band/samspel.

Her skal elevane øva inn nokon kjente musikkstykke saman. I løpet av veka skal kvart band i tillegg med lette midlar læra å laga ein låt sjølv. Det blir innspeling av låta med musikkvideo, konsert i storsalen og mykje gøy.

Elevane treng ikkje å ha nokon tidlegare erfaring med band / samspel, men vi ber om at dei har noko erfaring på instrumentet sitt. Både nybegynnarar og vidarekomne er velkomne.

Vi vil dela opp samspillgrupper så langt det går i forhold til nivå og/eller alder: 3-6 klasse og 7-10 klasse. Sommarskulen vil halda til i kulturhuset.

Sommarskulen er heilt kostnadsfri, og er eit tiltak frå ungdomsavdelinga i Sogndal med støtte fra Bufetat.

Ein får servert lunsj og ein av dagane blir det pizza.

Sommarskulen går Måndag - Fredag klokka 09:00-14:00 (oppmøte frå 08:45) (De kan avtala henting klokka 15:00 om det er behov for det. Musikkopplegget går til klokka 14:00)

Meld deg på her: https://forms.gle/crS4i6EQ9M3BvCns8