Riksteatret: Detektivbyrå nr. 2 - Operasjon Teater

RT detektiv

UTSELT! Ut i frå dagens restriksjonar med max 200 personar pr. framsyning, så er desverre denne framsyninga utselt.

Barn i Noreg elskar bøkene om Detektivbyrå nr. 2 av krimforfatter Jørn Lier Horst. No blir det teater for heile familien der Tiril, Oliver og hunden Åtto må løysa eit heilt nytt mysterium!

Operasjon Teater er eit nytt oppdrag for Detektivbyrå nr. 2. Eit mysterium som berre kan opplevast når Riksteatret kjem til kulturhuset ditt. For kva er det eigentleg som skjer når Riksteatret kjem til Elvestad for å spela framsyninga Hamla?

Kvifor har det skjedd mystiske ulykker under heile turneen? Er teaterframsyninga forbant eller er det nokon som saboterer? Bli med Tiril, Oliver og Åtto på eit spennande mysterium i teaterets magiske verda.

Vi gleder oss til å sjå deg i teateret! Viss du vil, kan du kle deg ut i eit heilt eige teaterkostyme når du kjem til teateret.

Passar for barn frå 5 år.

scena: Maria Agwumaro, Lars Halvor Andreassen, Janne Starup Bønes, Amalie Ibsen Jensen, Arjan Nilsen, Thomas Jørstad Pettersen og Amanda Hedvig Strand

Team: Regissør: Hilde Brinchmann, Scenograf: Paul Sebastian Garbers, Kostymedesigner: Helena Andersson, Assisterende designar: Signe Gerda Landfald, Lysdesigner: Martin Flack, Komponist, Lyddesigner: Eirik Myhr og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Av: Hilde Brinchmann og Jørn Lier Horst.

"Basert på bokserien Detektivbyrå nr. 2 – av forfattar Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes".

Produsert av Riksteatret

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato: Fredag 4. februar 2022
Tid: kl. 18:00
Speletid: 2 timar (inkludert pause).

Billettprisar:

Kr. 280,-   Ordinær: born, student, vaksen, pensjonist

Kr. 230,-   Samarbeidspartnarar: LOfavør, Statnett, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta, Norsk bibliotekforening og Vi over 60. Max 4 bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.

Kr. 230,-   Familiepris: Rabatt ved kjøp av minimum 4 billettar samla.

Kr. 225,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst.
Eller i kiosken på kulturhuset.

 

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)