KEiiNO - Familiekonsert

Keiino

KEIiNO på Vårturnè - Joikpop til glede for heile familien!

KEiiNO har sidan comebacket i årets Melodi Grand Prix vore eit av Noregs mest omtalte band, og er høgt oppe på radiolister og topplister på Spotify. Få artistar samlar eit like mangfaldig publikum som KEiiNO, og sjølv om barn og unge er i sentrum på vårturneen, er det engasjerande liveshowet eigna for alle aldersgrupper. Trioen tar med seg eit band av toppmusikarar, dei oppløftande poplåtane sine og eit knippa store verdenshits som dei "KEiiNOfiserer". Alljoik- og allsong-garanti!

KEIiNO debuterte i MGP 2019, og kombinasjonen av dansbar elektropop og samisk joik trollbatt Europa under Eurovision. «Spirit in the Sky» fekk flest publikumsstemmer av alle, toppa VG-lista, vart nominert til Spellemannsprisen, var på hitlistene i fleire Europeiske land, vann fire Scandipop-awards og to Sami Music Awards. Men Spirit in the Sky var berre starten på KEiiNO-eventyret, og på to år har KEiiNO gitt ut 19 læt som til no er strøymt over 65 millionar gangar på Spotify. Dei har òg turnert over heile Noreg, spelt for fulle hus i Europa og Australia og spelt inn fem musikkvideoar.

KEiiNOs debutalbum “OKTA” vart utgitt i mai 2020 til svært gode kritikkar i inn- og utland. Scandipop skriv: «If a better popt album is released in 2020, we'll be shocked» og Espen Borge i NRK beskriv musikken som fjellstøtt og fengjande, og skriv “når ein i tillegg har krydra plata med haka, strupesong og urspråk-rap, er resultatet ei spennande tilnærming til ein sjanger som lir under vekta av sin eigen forutsigbarhet»

Før KEiiNO var Alexandra Rotan frå Eidsvoll live-vokalist for DJ-stjernen Alan Walker. Fred Buljo frå Kautokeino turnerte med sin rap-duo Duolva Douttar, og Tom Hugo var soloartisten som underheldt folkemengder på Sørlandet. Det er med andre ord musikarar med stor sceneerfaring på trass av at dei berre har vore eit band i to år.

Ein av KEiiNOs grunnverdiar er aksept for å vera annleis, og har sidan første stund tatt opp temaet i tekstane sine. Dei jobbar for at alle i verda kan føla seg like fri som nordlyset som dansar over himmelen, og at alle skal kunna føla gleda av å joika.

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Fredag 11. juni 2021
Tid: Kl. 19:00
Varigheit: 1 time og 25 minutt.

Billettprisar:
Kr. 420,-   Vaksne
Kr. 350,-   Barn

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!

Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper. Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til. Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen