Nils Petter Molvær solo

nils petter

Ein konsertserie frå Kalleklev Management «ALT BLIR BRA, IGJEN». Store artistar på små scener!

Trompeteren fann opp jazzen på ny med gjennombrotsalbumet «Khmer» i 1998. Sidan har han vore å rekna som ein bauta i musikken. No kjem han til Sogndal.

Nils Petter Molværs solokonsertar er eigentleg Nils Petter i tospann med lydteknikar Sven Persson. Den nyskapande trompeteren bygger opp lydlandskapar, rytmar og melodilinjer med trompet og effektar.
I salen styrer Persson miksen slik at det blir ei storslått oppleving.

Stad: Sogndal Kulturhus, Blaoboxen
Dato: Fredag 21. mai 2021
Tid: Kl. 20:00
Varigheit:

Billettprisar:
Kr. 250,-   Ordinær

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!

Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper. Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til. Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen