Heine Totland «Rock & Roll Circus»

heine totland liggande

Bli med når Heine og hans «All Star Band» fråtsar i låtar frå gullalderen til musikken!

Det blir herleg energi, gode historiar, flotte tolkingar og godt humør.
Bandet set passaren på 1963, skrur han rundt og teiknar ein sirkel som rommar nokon av dei beste låtane som finst.Bandets herlege utstråling bringer tankane inn på dei kulaste bilane, dei flottaste kjolane og dei tøffaste gutane. Heine er ein syngande, gitarspelande James Dean, og med seg har han alltid ein sexy Olivia Newton-John. Med ei utruleg speleglede, boblande musikalitet, og smittande energi, serverer dei tidenes beste låtar frå 50- og 60-talet! (Etter suksessen med musikalen «Buddy Holly The Musical» på Folketeateret i Oslo 2010, har Heine og bandet hatt hundrevis av konsertar med «Buddy Holly The Concert». No tek dei dette til nye høgder med mange nye låtar frå ein av dei desiderte beste epokane i musikkens historie. )

Førebu deg på ein kveld der rockefoten går, latteren rungar og allsongen sit laust!

 

Tid: Torsdag 13. mai kl. 19:00

Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen

Varigheit: ca. 1,5 time.


Billettpris: Kr. 420,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her.