Abrahams barn av og med Svein Tindberg

s

Meir enn nokon gong blir det i det offentlege ordskiftet mana til forsoning, forståing og auka kunnskap om ulike levesett, verdiar og religionar.

Tindberg har gjennom dei siste 20 åra arbeidd med teaterstykke med religiøs tematikk. No blir det meir enn nokon gong mana til forsoning, forståing og auka kunnskap om ulike levesett, verdiar og religionar. I Abrahams barn framhevar Tindberg dei verdiane som femnar om og sameiner alle truande i dei tre store verdsreligionane – jødedommen, islam og kristendommen. Tida er ikkje over for å finne saman i interessa for kulturkonfliktar, parallellar, for dei lange tankerekkjene og for ei innføring i religionar vi kanskje ikkje visste hadde så mykje til felles. Svein Tindbergs fortellarkunst har gitt meir enn 90 000 publikummarar gleda over å finne eit fellesskap i ei verd der polariseringa mellom religionane blir stadig sterkare.

TRE RELIGIONAR - EI BOK

I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre. Det muslimske nærveret i Vest-Europa er av relativt ny dato. Men både jødedom og islam har frå gammalt vore ein integrert del av det elles kristne Europa. I Spania, på Balkan og i delar av Aust-Europa har islam til tider vore den dominerande makta, og jødane og dei kristne har levd som minoritetar. I nyare tid har situasjonen for det meste vore omvendt. I dag lever fleire og fleire muslimar som minoritetar i eit Europa som er grunnleggjande prega av kristen kulturarv, der fleirtalet reknar seg som kristne.

KONFLIKTFYLT

Sameksistensen mellom Abrahams barn har vore konfliktfylt. Men historia om jødar, kristne og muslimar er noko mykje meir. Det er også historia om ein fruktbar kulturell, intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.

SVEIN OM ARBEIDET

- Å lage ei sceneforteljing om ein av grunnsteinane i den menneskeskapte kulturen kan verke uoverkommeleg, seier Svein Tindberg om sitt arbeid med desse tekstane. - Men på den andre sida er det ikkje så komplisert som vi vil ha det til. Dette er gode historier! Mi oppgåve er å fortelje ei god histore, med glimt i auget. Eg håpar publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman. Må vi ikkje?

 

Pressa skriv:

VG: «En drivende god forteller»

Dagbladet: «Religion, kulturhistorie og reisereportasje, varmt, dyktig og nakent»

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Torsdag 22. april 2021
Tid: Kl. 19:00
Varigheit: 2 timar og 15 minutt inkl. pause.

Billettprisar:
Kr. 495,-   Ordinær

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper. Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til. Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.