Eva Weel Skram «Falle til ro»

eva 2021

Julekonsert med Eva Weel Skram i Storsalen.

Etter ein noko utradisjonell, men vel så koseleg juleturné i 2020, kan vi med glede dela nyheita om at suksessen blir gjenteken i 2021. Eva Weel Skram ser frem til å ta med både eigne julelåtar og andre nøye utvalde favorittar på sin andre juleturné. Publikum over heile landet kan forventa seg ein stemningsfull kveld med musikalske perler på ei snor.

Evas eiga evne til å tolka andre sine låter har vore krystallklar for det norske folk sidan hennas deltaking i «Hver gang vi møtes», der ho skapte eigne slagera av andre sine hitlåtar som «Evig eies – kun et dårlig rykte» og «Snakke litt».

Etter at Skram gjekk over til morsmålet, har ho turnert landet på kryss og tvers, spelt på dei aller fleste av landets kulturhus og klubb- og festivalscener. Ho har også opptrådt på utallige TV-programmer, både med sine eigne låter, men også tolkningar av julelåter som Prøysens «Romjulsdrøm» og Joni Mitchells udødelige «The River».

Etter kvart som stadig fleire julelåter sneik seg inn på liverepertoaret i vintermånadane, føltes det stadig meir naturleg å omfamna dette formatet, sette saman sitt eige utval av julesongar som betyr mykje for Eva sjølv, og som tydelegvis treff publikummet hennar kor enn ho spelar. Resultatet er juleturneen «Falle til ro», som strekker seg frå midten av november til to dager før jul. Velkommen!

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Torsdag 9. desember 2021
Tid: Kl. 18:00
Varigheit: ca. 1,5 t.

 

Billettpris: Kr. 570,-
 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.



Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)