Riksteatret: Tobias og dagen det smalt

Tobias

«Årets beste barneframsyning» på turné med Riksteatret

Tobias og dagen den smalt

Av Jenny Svensson
 

«Årets beste barneframsyning» på turné med Riksteatret
 

Riksteatret tar den prisvinnande og kritikarroste barneframsyninga «Tobias og dagen det smalt» på turné. Framsyninga blei kåra til årets beste framsyning for barn og fekk Heddaprisen i 2018.  «En forestilling med god plass til både alvor og humor» skreiv pressa mellom anna.

«Tobias og dagen det smalt» handlar om å stole på og tru på seg sjølv - og vissheita om at alle barn er like mykje verdt.  Det handlar også om vennskap og trua på at vennane dine vil deg det beste.  Gjennom fantasi og verkelegheit rører framsyninga ved tema som at det er mange måtar å vere menneske på.  Og at det kan vere litt trøblete når korleis ein ser ut utanpå og korleis inn føler seg inne i seg sjølv, ikkje heilt passar saman.

«Tobias og dagen det smalt» er ei modig, liten teaterframsyning som passar for barn frå 6 år.

 

PRESSA SKRIV

«Flott teater for barn, og som også tåler godt de voksnes øyne og ører (…) Ei forestilling med god plass til både alvor og humor» ITromsø, 5

«En rikholdig, formbevisst, opplevelsesfortelling med mange lag» Dagbladet, 5

«Åpen, undrende, leken og mangfoldig» Nordlys, 5

«Det blir aldri for enkelt, aldri for vanskelig. Det er et viktig tema, et tema i tiden, som formidles med kløkt, paralleller og masse barnslig gøy.» NRK

 

På scena:
Jonas Delerud, Sebastian Legaard Engeland, Per-Theodor Paulsen, Alexander Rindestu, Tonje Dreyer Sellevoll og Kristine Myhre Tunheim.


Team:
Av: Jenny Svensson.
Regissør: Morten Røsrud.
Scenograf og kostymedesignar: Mari Hoel Lotherington.
Komponist og lydprodusent: Aggie Peterson.
Lyddesignar: Andreas Wangsbro.
Lysdesignar: Øystein Heitmann.
Dramaturg: Lina Synnøve Killingdalen.
Idé og prosjektleder: Kristine Myhre Tunheim.
Originalt produsert av Rimfrost i samarbeid med Hålogaland Teater.
Urpremieren var på Hålogaland Teater 23. november 2017
Produsert for turné i 2021 av Riksteatret.
Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen.

 

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Onsdag 28. april 2021

Tid: kl. 18:00

Speletid: 45 minutt, utan pause

 

Billettprisar:

Kr. 230,-   Ordinær

Kr. 190,-   Samarbeidspartnarar: DNB, Statnett, TINE, ARK , Bokklubben, Teatervenner, Kulturforbundet i Delta og Norsk bibliotekforening.
                 Max 4 bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.

Kr. 190,-   Familiepris: Rabatt ved kjøp av minimum 4 billettar samla.

Kr. 180,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst.
Eller i kiosken på kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:30
NB! Det ska vera 1 sete mellom kvar person. Folk frå same husstand kan sitta i lag.

 

 

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.
Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.
Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.