Førjulsmoro 2020

Førjulsmoro bilde

Kom i julestemning på kulturhuset.

Tradisjonen tru blir det førjulsmoro i kulturhuset laurdag 5. desember.
På gunn av koronasituasjonen vert det ikkje nokon julemarknad i år, men det blir julefilmar og juleførestillinga som vanleg.

Det blir julefilmar og juleførestilling.

Ballettskulen, kulturskulen, skulemusikken og kulturhuset serverer ei stemningsfull juleførestilling sprekkfull av julestemning og glede. …og kanskje kjem Nissen.

I tillegg til juleførestilling i Storsalen blir det julefilmar i sal 2 og sal 3.

Ta med deg heile familien og kom i julestemning på kulturhuset denne dagen!

Dato: Laurdag 5. desember

Tid: Kino frå kl. 11:00 og juleførestilling kl. 15:00

NB! Billettsal!

KINOPROGRAM:

Kl. 11:00 Brillebjørn feirer jul, sal 3

Kl. 11:10 Jul på KuToppen, sal 2

Kl. 12:45 Dragevokterens jul, sal 3

Kl. 13:00 Julenissens datter 2, sal 2

Les meir og kjøp billettar her: https://www.sogndal.kulturhus.no/program/#05.12.2020

ARRANGEMENT:

Kl. 15:00 Juleførestilling med ballettskulen, skulemusikken og kulturskulen, Storsalen

Gratis inngang på førestillinga, MEN alle må hente gratisbillettar og registrere seg i vårt billettsystem på grunn av smittevernreglar.
Kjøp billettar her: https://checkout.ebillett.no/195/events/17922/purchase/corona?kanal=fw