Førjulsmoro 2020: Juleførestilling med ballettskulen, skulemusikken og kulturskulen

førjulsmoro

Juleførestilling i Storsalen

Tradisjonen tru blir det førjulsmoro i kulturhuset laurdag 5. desember.

Ballettskulen, kulturskulen, skulemusikken og kulturhuset serverer ei stemningsfull juleførestilling sprekkfull av julestemning og glede. …og kanskje kjem Nissen.

Ta med deg heile familien og kom i julestemning på kulturhuset denne dagen!

Dato: Laurdag 5. desember
Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen
Tid: Kl. 15:00

NB! Billettsal!

 

 

Billettar:
Gratis inngang på førestillinga, MEN alle må hente ut gratisbillettar og registrere seg i vårt billettsystem på grunn av smittevernreglar.
Me anvefalar at alle gjer dette på nettet på førehand.
Få gratisbillettar her: https://checkout.ebillett.no/195/events/17922/purchase/corona?kanal=fw

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand/familie kan sitte i lag.
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.
Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.
Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.