Knut Marius Djupvik med band
Knut Marius Djupvik til Sogndal torsdag 4.mars 2021
Knut Marius Djupvik er vinnar av Stjernekamp i NRK1, er klar med singel og musikkvideo “He Du Prøvd Å Elske”.
Knut Marius blei for alvor kjent då han i 2013 vant The Voice på TV2. I vinter legger ha ut på turne med band.
Torsdag 4.mars kjem han til Sogndal Kulturhus.
I alle år har Knut Marius synge på engelsk. Nå har han, for fyrste gong, starta å skrive på norsk og då på sin eiga dialekt. Sidan skrivestart i januar 2019 har han fundert, skreve, stanga hovudet i veggen, jubla, grått og skrattet, nå føreligg resultatet. Kjærleiken er eit tema det er skreve om mange gonger. Då Knut Marius bestemte seg for å skrive låtar på norsk, sette han seg ned og tenkte gjennom kva for tema som betydd mest for han. Både i fortid og nåtid. Knut Marius har prøvd å skissere korleis han kan oppleve både oppturar og nedturar innafor det de seier er størst av alt, kjærleiken.
Konserten vil by på helt nyskrivne låtar på Norsk, samt favorittar frå karriere så langt.
På scenen står:
Knut Marius Djupvik: Vokal
Trommer: Marius Simonsen
Bass: Jonny Sjo
Gitar: Tommy Kristiansen
Tangentar: Haakon-Marius Pettersen
Arrangør: Fjordane Musikkforum
Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Torsdag 4. mars 2021
Tid: Kl. 19:00
Varigheit: Konserten varer ca. 1, 5 t.
Billettpris: kr. 490,-
Me oppfordrar alle til å kjøpa billettar på nettet på grunn av koronaviruset.
Trykk på klokkeslett-knappen øvst for å få kjøpt billettar til den konserten du ynskjer.
NB! Det skal vera 1 sete mellom kvar person. Folk frå same husstand kan sitta i lag.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Kiosken er open tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00. Tlf. 57673300
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no
Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)