Korpskonsert

l

Korpskonsert i Storsalen.

Har du lyst å høyra variert korpskonsert?
Då er dette konserten du må gå på.

Sogndal Musikklag arrangerar korpskonsert i lag med Sogndal skulemusikk.

 

Sogndal Musikklag - Dirigent: Hans Mark Svedal

Sogndal skulemusikk - Dirigent: Helge Øren

 

På grunn av smittevernreglar må me registrera kontaktinformasjon på alle som er tilstade i salen.
Derfor må alle kjøpa billettar og registrera seg i vårt billettsystem, inkludert dei som har gratis inngang.

 

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Måndag  16. november 2020

Tid: kl. 19:00

 

Me oppfordrar alle til å kjøpa billettar på førehand på nettet!


Billettprisar:

Kr. 150,-   Vaksen
Kr.     0,-   Barn (til og med 16 år)
 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
Kiosken er open tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand/familie kan sitte i lag.
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.
Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.
Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.