Didrik Solli-Tangen «Det skal bli jul»

didrik

To julekonserter med Didrik Solli-Tangen i Storsalen, kl. 18:00 og kl. 20:00

Didrik Solli-Tangen slepper denne jula sitt første julealbum.

Etter mange år med stor suksess i blant anna Melodi Grand Prix, og Stjernekamp er Solli-Tangen klar med stemningsfullt julealbum, med kjente klassikarar, ukjente perler og eit knippe eigenkomponerte låtar. Det blir folkekjære tonar frå Alf Prøysen, og låtar fra Kari Bremnes og Jan Eggum i ny drakt. Det blir sårt, og nært, og sjølvsagt får ein høyra Didrik i all sin prakt.

Aleksander Raftevold og Sebastian Berg frå Eid er med som musikarar.

Velkommen til ein gripande, intim og vakker julekonsert!

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Torsdag 3. desember 2020
Tid: Kl. 18:00 og kl. 20:00
Varigheit: Konserten varer ca. 1 time.

Billettpris: kr. 470,-
 

Me oppfordrar alle til å kjøpa billettar på nettet på grunn av koronaviruset.
Trykk på klokkeslett-knappen øvst for å få kjøpt billettar til den konserten du ynskjer.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Kiosken er open tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00. Tlf. 57673300
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at me held anna kvar rad i Storsalen stengt, samt at det skal vera 2 seter mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand/familie kan sitte i lag.
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.
Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.
Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.