Korona restriksjonar!

hjerte salen

Me gler oss til å ta i mot publikum på ein trygg måte!

Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.

Me oppfordrar alle til å kjøpa billettar på vår nettside eller eBillett-appen på grunn av smittevern.
Me håpar du betala med kort når du handlar varer i kiosken, unngå kontantar.
Folk med følgjekort kan sjølvsagt kjøpe billettar direkte i kiosken.

Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.

Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.

Er du sjuk eller har symptom på sjukdom skal du halda deg heime.
Me oppfordrar alle til hyppig handvask og me har antibac ved inngang til kiosken og alle salar.

Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.