AVLYST! Riksteatret: Høna, egget og reven

høna liggande

FORESTILLINGA ER DESVERRE AVLYST PÅ GRUNN AV SJUKDOM!
Alle billettar blir refunderte.

Det er ikkje så morosamt å vera Høna når Egget hennar plutseleg blir vekke. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg.

Riksteatret byr på ei nyklekka teaterførestilling for dei minste. Her møter du Høna, ei søt, sjølvoppteken og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av stad på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir ei spennande og verdsomspennande reise.

Undervegs møter dei mange forunderlege eggspertar: ei struttande og streng strutsemor, ein pertentleg og plettfri pingvinfar, ein hær hovudlause lus og ei kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøveruger mange egg, men ingen av dei følast heilt rett.

Høna, egget og reven er ein morosam førestilling om vennskap, tilhøyregheit og motgang, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet!

For barn frå 4 år og alle vaksne.

På scena:
Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine

Team:
Regissør: Gunnar Eiriksson, Kostymedesigner, Scenograf: Kathrine Tolo, Scenograf, Videodesigner: Torbjørn Ljunggren, Scenograf, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen og Dramatiker: Nelly Winterhalder

Av Nelly Winterhalder
Produsert av Riksteatret.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato: Fredag 17. september
Tid: kl. 18:00
Speletid: 1 time (ingen pause)

 

Billettprisar:

Kr. 230,-   Ordinær: gjeld vaksne, born, pensjonistar og studentar.

Kr. 190,-   Samarbeidspartnarar: DNB, Statnett, TINE, ARK , Bokklubben, Teatervenner, Kulturforbundet i Delta og Norsk bibliotekforening. Max 4 bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.

Kr. 190,-   Familiepris: Rabatt ved kjøp av 4 eller fleire billettar samla.

Kr. 180,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst.
Eller i kiosken på kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:30.
NB! Sjå koronarestriksjonar nederst på sida.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper. Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til. Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.