AVLYST! Riksteatret: «Eg snakkar om eg snakkar om det hele tida»

i

AVLYST! Alle kjøpte billettar blir refundert. Billettkjøparar blir kontakta!

AVLYST! Alle kjøpte billettar blir refundert. Billettkjøparar blir kontakta!


"Når folk spør meg hvor jeg kommer fra, misforstår jeg med vilje. Jeg svarer Sandefjord. Og når de spør hvor jeg egentlig kommer fra, så svarer jeg Bodø."

Fekk ho det som ho ville, hadde dramatikar og forfattar Camara Lundestad Joof slutta å snakka om rasisme for lenge sidan. Ho vil mykje heller skriva romanar om vampyrar i verdsrommet, men enn så lenge må science fiction venta mens Camara rettar oppmerksomheita vår mot verkelegheita - slik den har møtt og forma ho.

I boka Eg snakkar om det heile tida gis rasisme i Norge eit sannheitsvitne. Gjennom ein serie historiar og betraktningar frå eige liv, skildrar Camara korleis rasismen har infisert kvardagen og tankane hennar. Korleis den har endra måten ho bevegar seg i verden, og forheld seg til andre mennesker.

Innimellom historiane tek me del i tvilen, og frykta for at alt ho gjer, alt arbeidet ho legg inn, til slutt ikkje er til noko nytte. At det ikkje vil gjera noko forskjell. Ho ransaker minna. Kva om ho hugsar feil? Korleis skal nokon tru ho då?

Eg snakkar om det heile tida har fått svært god kritikk, og blir no teater for heile landet i Kjersti Horn sin regi.
--
Sagt om boka:

"Uttalt og synlig rasisme er de fleste mot, så det Joof ofte fokuserer på er i stedet de små kommentarene, neglisjeringen og tausheten"
Dagbladet (terningkast 5)

"Snakker rett til hjertet mitt. Den river og røsker i huden og pirker i følelsene mine"
VOKS tidsskrift

"Engasjert og sårbart om å vere brun i Noreg. Dette er lettlest strandlitteratur til å bli klok av."
Framtida.no
--
På scena
Ameli Isungset Agbota, Tani Dibasey og Terese Mungai-Foyn

Team
Regissør: Kjersti Horn, Scenograf, Kostymedesigner: Erika Magnusson, Lysdesigner: Tobias Leira, Lyddesigner: Erik Hedin, Dramaturg: Monica Ifejilika og Produsent: Emnet Kebreab

Produsert av Riksteatret.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato: Fredag 5. mars 2021
Tid: kl. 19:00

Speletid: 1 time og 30 minutt (ingen pause)

Billettprisar:

Kr. 400,-   Ordinær

Kr. 325,-   Honnør

Kr. 325,-   Samarbeidspartnarar: DNB, Statnett, TINE, ARK , Bokklubben, Teatervenner, Kulturforbundet i Delta og Norsk bibliotekforening. Max 4 bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.

Kr. 325,-   Gruppe: Rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla.

Kr. 300,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

Kr. 180,-   Alle under 30 år: Gyldig bevis må visast.

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst.
Eller i kiosken på kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:30.
NB! Sjå koronarestriksjonar nederst på sida her.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper. Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til. Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.