Riksteatret: Blokk til blokk

blokk til blokk

Hip hop-framsyninga med Don Martin, Fela og Castro blei ein braksuksess på Det Norske Teatret. No skal den heldigvis på turné!

Kor du kjem frå er ikkje berre ein stad du ikkje har valt. Det er og med på å gjere deg til den du er. Blokk til blokk er ei konsertframsyning om å komme dit du er, ikkje på grunn av, men på tross av.

 

Don Martin, Castro og Fela har lenge vore markante stemmer innan norsk rap. Alle har på ulikt vis gjort rap til eit levebrød, og hiphop har vært eit fast haldepunkt gjennom livet, både musikalsk og sosialt. I framsyninga Blokk til blokk fortel dei sine historier og tar publikum med inn i blokka, bak musikken og tekstane sine.

 

"En opplevelse som er større enn en konsert og rikere enn en vanlig forestilling"  
Aftenposten, 5 
 
"Bør bli obligatorisk"  
Dagsavisen, 5 

 

"Dette er en viktig forestilling, fortalt av mennesker som kunne ha falt på utsiden av samfunnet" 
Morgenbladet 

 

Vinner av Oslo bys kunstnerpris 2020

 

På scena
Fela, Castro og Don Martin

Team
Produsent, Manusforfatter, Idé, Regissør: Cici Henriksen, Manusforfatter, Komponist, Musiker: Don Martin, Manusforfatter, Komponist, Musiker: Castro, Manusforfatter, Komponist, Musiker: Fela, Musiker, Komponist: Tommy Tee, Manusforfatter, Medregissør, Dramaturg: Hedda Sandvig, Lysdesigner, Videodesigner: Ola Erik Blæsterdalen, Video/Foto: Henrik Berge, Videomateriale: Didrik Øverby, Videomateriale: Kristoffer Klunk, Videomateriale: John-Erling Holmenes Fredriksen, Videomateriale: Waqaz Da Drone Killa, Scenografikonsulent: Even Børsum, Plakatfoto: Mathias Fossum, Dramaturg: Morten Joachim og Produsent: Emnet Kebreab

 

SPKRBOX Produksjoner har mottatt prosjektstøtte frå Norsk Kulturråd, Fond For Utøvende Kunstnere og Oslo kommune.

Produsert av SPKRBOX i samarbeid med Det Norske Teatret. Produsert for turné av Riksteatret.

 

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Onsdag 18. november 2020

Tid: kl. 19:00

Speletid: 2 timar og 10 minutt (ingen pause)

 

Billettprisar:

Kr. 350,-   Ordinær

Kr. 285,-   Honnør

Kr. 285,-   Samarbeidspartnarar: DNB, Statnett, TINE, ARK , Bokklubben, Teatervenner, Kulturforbundet i Delta og Norsk bibliotekforening. Max 4 bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.

Kr. 285,-   Gruppe: Rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla.

Kr. 250,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

Kr. 180,-   Alle under 30 år: Gyldig bevis må visast.

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino onsdagar, fredagar og søndagar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at me held anna kvar rad i Storsalen stengt, samt at det skal vera 2 seter mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand/familie kan sitte i lag.
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.
Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.
Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.