Riksteatret: Verdens nest kuleste forestilling

o

Så gøy at du aldri treng å gå på teater igjen!
Har du ein draum om å sjå ei teaterframsyning om det aller kulaste du veit, eller få være med på å bestemme kva verdens beste framsyning skal handle om? Då må du ta turen til Sogndal kulturhus! Verdens nest kulaste framsyning er fredagskveld OG lørdagskveld OG bursdag på ein gong!
Det Andre Teatret har markert seg som eit av dei mest leikne og innovative teatera vi har i landet, med nokon av dei artigaste folka på scena. No legg dei ut på vegen saman med Riksteatret. I samarbeid med publikum skal dei lage verdas beste impro-show for heile familien, der små og store får være med på å bestemme kva som skal skje. Når barna får bestemme kan allting skje!
Ei underhaldningsbombe for heile familien – for barn frå 5 år.

På scena
Cathrine Frost Andersen, Ellen Bendu, Mats Eldøen, Kristine Grændsen, Mats Holm, Deniz Kaya, Veslemøy Mørkrid, Mari O. Thingelstad og Olli Wermskog

Team
Regissør: Tony Totino, Scenograf: Monica Valsø, Kostymedesigner: Jenny Bernson, Lyddesigner, Lysdesigner: Henrik Stoltz Vernegg, Kunstnerisk ansvarlig ved Det Andre Teatret: Mats Eldøen, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen og Koordinator DAT: Silvia Rodriguez Gimenez


Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Andre Teatret

 

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Mandag 2. november 2020

Tid: kl. 18:00

Speletid: 1 time (ingen pause).




Billettprisar:

Kr. 250,-   Ordinær (voksen, barn, pensjonist og student)

Kr. 205,-   Familiepris (grupperabatt ved kjøp av 4 eller fleire billettar)

Kr. 205,-   Samarbeidspartnarar (DNB, Statnett, TINE, ARK , Bokklubben, Teatervenner, Kulturforbundet i Delta og Norsk bibliotekforening. Max 4 bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt)

Kr. 200,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
Kiosken er open 30 minuttar før kvar film onsdagar, fredagar og søndagar.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at me held anna kvar rad i Storsalen stengt, samt at det skal vera 2 seter mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand/familie kan sitte i lag.
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.
Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.
Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.