Riksteatret: Peer Gynt

peer gynt, liggande

Når var du deg sjølv? Opplev Anders Baasmo som Peer Gynt i Ibsens meisterverk.

Riksteatret samlar nokon av våre beste skodespelarar i ein helt ny versjon av Peer Gynt. Regissør Ole Anders Tandberg går tett på personane i Ibsens meisterverk. Kva skjer med vår oppfatning av Peer Gynt når vi kjem tett på, heime i kjøkkenet hos Peer? Kven var han eigentlig, og kvifor flyka han alltid frå seg sjølv?

«–Jeg har alltid hatt lyst til å spille Peer Gynt», seier skodespelar Anders Baasmo. «– Hvis vi gjør det på den riktige måten, tror at jeg at vi kan komme nærmere kjernen, nærmere det stykket egentlig handler om. Jeg håper vi kan lage en forestilling som gjør at folk kan kjenne igjen mer av seg selv i Peer»

Anders Baasmo sett seg i turnébussen saman med Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen.

Riksteatret si framsyning er eit spanande møte med Ibsens klassikar – ei framsyning for alle, enten du er Ibsen-kjennar eller møter Peer for første gong.

 

Pressa skriv:

"Glitrende"
Dagbladet (6)

"Grenser til det geniale"
VG (5)

"Strålende Peer Gynt (..) En opplevelse"
Aftenposten (5)

"Usedvanlig morsom (..) Snedig gjort"
Dagsavisen (5)

«går til kjernen av hva som betyr noe for oss»

VÅRT LAND

«En fest!»
HAMAR ARBEIDERBLAD (6)

"En sjeldent god "Peer Gynt". La det være sagt først som sist: Dette er en oppsetning å få med seg.»
NRK

 

På scena
Anders Baasmo, Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen

Team
Regissør: Ole Anders Tandberg, Scenograf: Erlend Birkeland, Kostymedesigner: Maria Geber, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Komponist: Joel Sahlin, Dramaturg: Øyvind Berg og Produsent: Emnet Kebreab

Av Henrik Ibsen. Bearbeidet av Ole Anders Tandberg. Oversatt av Øyvind Berg.

Produsert av Riksteatret

 

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Tysdag 15. september 2020

Tid: kl. 19:00

Speletid: 140 minutt  (inkludert pause på 20 minutt)

Billettprisar:

Kr. 450,-   Ordinær

Kr. 365,-   Honnør

Kr. 365,-   Samarbeidspartnarar: DNB, Statnett, TINE, ARK , Bokklubben, Teatervenner, Kulturforbundet i Delta og Norsk bibliotekforening. Max 4 bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.

Kr. 365,-   Gruppe: Rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla.

Kr. 350,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

Kr. 180,-   Alle under 30 år: Gyldig bevis må visast.

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino onsdagar, fredagar og søndagar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at me held anna kvar rad i Storsalen stengt, samt at det skal vera 2 seter mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand/familie kan sitte i lag.
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.
Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.
Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.