Teater Vestland: Frakt under havet

frakt under havet liggande

Teaterframsyning av Teater Vestland i Storsalen.
2 framsyningar; Torsdagen kl. 19:00 og fredagen kl. 14:00

Eddie Corbone nyt stor respekt i nabolaget og på arbeidsplassen. Saman med kona Beatrice har han oppdratt niesa hennar, Catherine. Eddie er ein overbeskyttande far, noko som for alvor kjem til overflata då familiekjenningane Marco og Rodolpho kjem ulovleg til landet, og familien tar på seg risikoen med å huse dei. Catherine og Rodolpho forelskar seg i kvarandre. Ulike kulturar kolliderer, og det utløyser angst og hat. Situasjonen endar med drap.

Handlinga går for seg blant italienske hamnearbeidarar i New York på midten av 1900-talet. Den frie immigrasjonen til Amerika er stogga, men nauden i Italia driv likevel mange til å reise over havet for å bli smugla inn. Dei illegale immigrantane blei kalla ‘submarines’, undervassbåtar. Det er forklaringa på den norske tittelen på stykket, «Frakt under havet».

Tittelen kan også ymte frampå om at flyktningar og migrantar har med seg noko meir enn det som reint fysisk blir lagt i reisekista. Dei har med seg ein heil kultur, og dei blir ofte ståande i spennet mellom å halde på eigne tradisjonar og å ta opp i seg nye. Stykket fortel noko viktig om det å vere ny i eit land. Vi lever i ei tid der millionar er på vandring, og der utnytting av billig arbeidskraft og misbruk av folk er så daglegdags at vi knapt reagerer på det.

«Frakt under havet» er ein av dei store, amerikanske klassikarane frå 1950-talet, skriven av Arthur Miller. Stykket er sett opp fleire gonger i Norge, både på teater og fjernsynsteater. På Teater Vestland blir dette ein storslegen produksjon med sju skodespelarar og to statistar på scena.

 

AV Arthur Miller

OMSETJING Ola E. Bø

REGI Bentein Baardson

SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN Siri Langdalen

DRAMATURG Bodil Kvamme

LYSDESIGN Krystian Myska

 

MEDVERKANDE:                               
Kyrre E Ottersen
Reidun Melvær Berge
Idun Losnegård

Torfinn Nag
Joakim Thrane
Torgeir Reiten
Lars Sørbø

 

Tid: Torsdag 5. november kl. 19:00
og fredag 6. november kl. 14:00.

Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen

Varigheit: ca 1 t. og 45 min. utan pause.

 


Billettprisar:

kr. 370,- Ordinær

kr. 300,- Gruppe: Rabatt ved kjøp av minimum 5 billettar samla.
kr. 300,- BOB - medlem: Må visa medlemskort ved innslepp/ henting av billettar.
kr. 300,- Honnør

kr. 270,- Teatervenner: Må visa medlemsbevis ved innslepp/henting av billettar. Må oppgi tilsendt kode.

kr. 195,- Student/ungdom: Gjeld ungdom 16 - 26 år og studentar. Studentar må visa studentbevis ved innslepp/henting av billettar.
 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her.
Eller i kiosken på kulturhuset. Kiosken er open 30 minuttar før kvar film onsdagar, fredagar og søndagar.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar. Tlf: 57673300.

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du i kiosken på Sogndal Kulturhus.
Eller send mail til sogndal@kulturhus.no. (merk at denne e-posten berre er bamanna vekedagar på dagtid)

Rullestol? Me anbefalar å kjøpa billettar på rad 5 for rullesolbrukarar. Har reservert nokre seter til dette, så ta kontakt med kiosken.

Scenekort? Kan kjøpa billettar i kiosken.

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at me held anna kvar rad i Storsalen stengt, samt at det skal vera 2 seter mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand/familie kan sitte i lag.
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.
Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.
Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.