Prøysen, Snekker Andersen og julenissen

Snekker Andersen

Torsdag 10. desember kjem Victoria Productions til oss med teaterstykket Snekker Andersen og julenissen.

Det blir to førestillingar, kl. 16:15 og kl. 18:00.

I år blir det ei merkeleg og spennande julaftan for snekker Andersen! På veg til vedskjulet for å ta på seg julenissedrakta, kollidera han med ein anna i julenissedrakt. Han seier han er julenissen, og kanskje dei skal bytta? Julenissen går til snekker Andersens barn og snekker Andersen går til julenissens.

Men korleis er julenissebarn? Er dei veldig forskjellige frå vanlege barn? Og kva i all verden skal dei få til jul? Snekker Andersen tek oppdraget!

Velkommen til ei rotnorsk juleførestilling som, i tillegg til historia om Snekker Andersen og julenissen, presentera mange av Prøysens evigvarande songar som «Romjulsdrøm», «Musevisa», «Julekveldsvisa». Me garantera at julestemninga vil legge seg som eit varmt og godt teppe rundt heile familien!

Og kven veit? Kanskje alle barna får treffe julenissen etter førestillinga?

 

Av og med Victoria Productions

Passar for barn frå 4 år og oppover.

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen

Dato: Torsdag 10. desember

Tid: kl. 16:15 og kl. 18:00.

Varigheit: Ca. 1 time.

Billettpris: kr. 270,-

 

Billettar kan kjøpast ved å trykka på det tidspunktet du ynskjer å sjå framsynga, rett under bildet.

Følgjekort? eller rullestol? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Eller sende e-post til sogndal@kulturhus.no

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper. Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til. Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.