Kulturhuset stengt inntil vidare!

salen

Kulturhuset er no stengt inntil vidare. Det gjeld både arrangement og kino.

Alle arrangment fram til påske er avlyste.

Har du kjøpt billettar til kommande arrangement eller kino på nett vil dei automatisk bli refundert.

Har du kjøpt i kiosken vil du få dei refundert der når vi opnar att.

 

 

 

 


Informasjon om avlysing av arrangement med billettsal:

- Tante Ulrikkes vei 31/3

- Vaffelhjarte 30/4

Du som har kjøpt billettar på nettet treng ikkje gjera noko. Pengane blir tilbakeført til den kontoen som i utgangspunktet blei belasta. Det går 2-5 virkedagar før du ser pengane tilbake på din konto, men ver oppmerksam på at "innbeløpet" i nettbank/kontoutskrift kan legge seg tett opp mot datoen når kjøpet blei registrert. Nokre ganger også framfor “utbeløpet” Du bør derfor sjekka kontoutskriften din heilt tilbake til kjøpsdato.

Dersom billettane blei betalt med kredittkort kan det godt vera at pengane blir tilbakeført til kredittkortselskapet ditt. I så fall vil beløpet bli utlikna på neste faktura.

Betalte du billettane heilt eller delvis med gåvekort, vil den summen som var belasta gåvekort bli tilbakeført til kortet.

Dersom du ikkje lenger har gåvekortet ditt eller du har andre spørsmål om refundering av dine billetter, så send en mail til refusjon@dx.no

 

Har du kjøpt billettar til arrangement i kiosken på kulturhuset skal du ha motteke ein melding frå oss om refundering. Viss ikkje send oss ein e-post til sogndal@kulturhus.no