Klypa presenterar: Global utblåsing!

Klypa

Flunkande nytt Klypa-show: «Global Utblåsing» i Storsalen.

Endeleg kan Klypa igjen stolt presentere eit flunkande nytt Klypa-show! «Global Utblåsing» sjokkerer i kjent Klypa-stil, samtidig som tematikken er høgaktuell. Du vil garantert møte ein eller fleire karakterar som minner deg faretruande mykje om nokon du kjenner. 

Eller er det rett og slett deg sjølv vi ser ei tolking av på scena?

Dette vert tidenes galskap, sett gjennom augene til ikkje mindre enn sju forskjellige Klypa-figurar! Alle har dei si heilt spesielle oppfatning av korleis livet på jorda er blitt i desse klimatider, og alle er sterkt påverka, både på jobb og på privaten, av klimajaget og alle meiningane som florerer om temaet. 

På toppen av det heile slit dei også med «me too», kjærleikens opp og nedturar, og ikkje minst pressar Kjellen på, med sine fanatiske tankar om trening og kosthald. Saman finn dei trøyst gjennom musikken, og startar bandet «Vasslaust», der dei spelar ut sine frustrasjonar. Det er nok ikkje feil å seie at dei er inspirert av visse lokale band, som gjer det særs godt rundt om i heile landet!

Alt dette blir til saman eit heidundrandes show som kan hende endrar deg for alltid. Kven veit?

Spenn deg fast atter ein gong, og bli med på denne fantastiske reisa! Du vil ikkje angre!

 

Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen
Dato: Laurdag 12. september 2020
Tid: kl. 19:00

 

Billettprisar:
Kr. 470,-   Ordinær
Kr. 420,-   Gruppe: Rabatt ved kjøp av 8 eller fleire billettar samla.
Kr. 420,-   Student: Rabatt ved studentbevis.

 

 

 

 

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)