Bjarte Tjøstheim – «Det går betre no»

Bjarte

Bjarte Tjøstheim i Storsalen med soloforestillinga «Det går betre no»!

Korleis kan ein leva av å vera komikar og utlevera seg sjølv – når ein innerst inne er engsteleg av natur?

Radioprogramledar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterar med ein personleg og sjølvironisk framsyning om å leva med frykt for det aller meste.

Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kompisane sine i hagen til naboen i Randaberg. Dette barndomsminne bekrefta den indre frykta for kva livet kan føra med seg av farar og utfordringar.

I soloforestillinga Det går betre no viser Bjarte ei ny side av seg sjølv, og fortel personlege historier frå sitt ytre daglege, og sitt indre liv. Som presteson med vaklande gudstro er håpet at engler skal komma for å redda han når livet er på sitt aller mørkaste. Engler med vinger, eller berre med kvit frakk.

Den største frykten er likevel å bli gal og at psykiateren skal sei at han er klin kokos. Men då Bjarte først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste plassen å vera.
 



Anmeldingar:

VG: «Med humoren i bakhånd utleverer Bjarte Tjøstheim sin angst med et hjerte som er både åpent og varmt»

Dagsavisen: «nær og sår teaterforestilling om livets store utfordringer.»

Vårt Land:«I en blanding av tragikomiske situasjoner og kloke refleksjoner klarer Bjarte Tjøstheim å si noe viktig om hvordan det er å leve med angst.»

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Fredag 26. februar 2021
Tid: Kl. 19:00
Varigheit: ca. 1 t.

Billettpris: kr. 470,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen rett under bilde.
Eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at det skal vera 1 sete mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand kan sitte i lag.
Det vil seie at de må kjøpa enkeltvise billettar om dykk ikkje bur i same husstand!
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper. Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til. Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.