Nyttårskonsert med Sogndal storband og Sogndal musikklag

storbandet

"Feeling good" - Nyttårskonsert med Sogndal storband og Sogndal musikklag med gjester i Storsalen i Sogndal kulturhus.

Sogndal storband og Sogndal musikklag set kvarandre stemne i storsalen onsdag 15. januar.
Konserten er ein del av markeringa av den nye Sogndal kommune, og aktørane representerer det frivillige musikklivet der dei boltrar seg i regionen si kulturelle storstove.
Publikum vert servert eit vidt spekter av musikalske godbitar frå polka til funk og salsa, jazz og janitsjar i skjønn foreining. Det blir også rikeleg med vokale innslag både frå storbandet sin faste vokalist Odrun, og frå gjester med klokkeklåre, unge stemmer.
Konserten er ei gåve til innbyggjarane frå Sogndal kommune.
Vel møtt!

Dato: Onsdag 15. januar 2020
Tid: Kl. 19:00
Stad: Storsalen, Sogndal kulturhus

GRATIS INNGANG!