Vestland, Vestland

vestland

Teater i Storsalen!

I dette humoristiske teaterstykke «Vestland, Vestland» får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på.

Kva skjedde på Gulatinget?

Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?

Går det an å flørte i dalatrekk?

Er det trist når nabosvinet døyr?

Kva har skjedd og kor er vi på veg?

Kort sagt: Kven er vi?

Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket. Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandre vidare saman.

På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Finn Tokvam har skrive teksten, inkludert ei rekke songar som er tonesette av Odd-Erik Lothe. Arvid Ones har regien. «Vestland, Vestland»er produsert av Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.


AV Finn Tokvam
REGI Arvid Ones
LYSDESIGN Krystian Myska
KOMPONIST Odd-Erik Lothe

MEDVERKANDE: Claus Sellevoll og Sigrid Moldestad

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Torsdag 1. oktober 2020
Tid: Kl. 19:00
Varigheit: ca. 1,5 t.

Billettprisar:
Kr. 370,- Ordinær
Kr. 300,- BOB-medlem: Må visa medlemskort frå BOB ved innslepp/henting av billettar.
Kr. 300,- Gruppe: Rabatt ved kjøp av 5 eller fleire billettar samla.
Kr. 300,- Honnør
Kr. 240,- Lansering: Tilbod i samband med lanseringa av repetoar 2020.
Kr. 130,- Student: Studentar og ungdomar 16 - 26 år.
Kr. 130,- Barn og ungdom: Gjeld til om med 15 år.

Scenekort? Får kjøpt billettar i kiosken på kulturhuset.


 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)

 

Korona restriksjonar:
Me må forholda oss til smittevernreglane og 1- metersregelen.
Det vil seie at me held anna kvar rad i Storsalen stengt, samt at det skal vera 2 seter mellom kvar person eller familie. Folk frå same husstand/familie kan sitte i lag.
Når du kjøper billett vil billettsystemet automatisk blokkera setene ved sidan av kjøpet ditt, slik at me sikrar trygg avstand til andre grupper.
Som ansvarleg arrangør må me vita kven som er på dei ulike framsyningane, og derfor må du som billettkjøpar registrera namn, telefonnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøpe billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøper billettar til.
Det er opp til kvar enkelt å forholda seg til smittevernreglane og halda 1-metersregelen.