Vi vandrar saman i Nynorskens skog

stardalen mannskor bilde

Konsert i Storsalen med Stardalen Mannskor i lag med Olav Stedje, Oddvar Torsheim og konferansier Arve Uglum.

Stardalen Mannskor inviterer til konsert;
Vi vandrar saman i Nynorskens skog 

i Sogndal kulturhus, 25. januar 2020, kl. 20.00

Konserten er ein hyllest til nynorsken, forfattarar og gode formidlarar av språkforma. I tillegg til songar av og i lag med Olav Stedje og Oddvar Torsheim, vil det bli framført tekstar av kjende forfattarar som  Edvard Hoem,  Per Sivle, Geirr Lystrup, Johannes Kleppevik, Ingvar Moe og Svein Dag Hauge.  Repertoaret inneheld også fleire songar som Ragnar Sande har sett nynorsk tekst til.

Stardalen Mannskor vonar publikum får ei minnerike oppleving.

 


Medverkande:
Olav Stedje
Oddvar Torsheim
Arve Uglum
Stardalen Mannskor

Orkester:
Arne Søholt, Jørn Moen, Torgeir Apalset, Håvard Nordvik, Eivind Kjørvik og Geir Søreide.

Musikalsk leiar: Trygve Apalset

¨

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Laurdag 25. januar 2020
Tid: Kl. 20:00
Varigheit: ca. 1,5 t.

Billettprisar:
Vaksen: kr. 440,-
Born under 16 år: kr. 180,-

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)