Jazzklubb med Sogndal Storband

Storbandet liggande

Jazzklubb i Blaoboxen med Sogndal Storband!

Sogndal storband er 40 år i 2019, og jazzklubben i Blaoboxen er ein av fleire markeringar i eit aktivt storbandår.

Sogndal storband inviterer til jazzklubb i Blaoboxen nok ein gong.
Bandet, med sin eminente vokalist Oddrun Ugulsvik Myklebust, presenterer eit breitt spekter av låtar, både frå genren si storheitstid på 30 og 40-talet, men har også med perler av nyare dato.

Me ønskjer jazzintresserte sogningar hjarteleg velkommen til haustens store jazz-happening i Sogndal!

 

Stad: Sogndal kulturhus, Blaoboxen

Dato: Laurdag 9. november 2019

Dørane opnar: kl. 19:00

Konserten starta: kl. 20:00

 

Billettpris: kr. 200,-

 

Det er fritt seteval! Kafèbord-oppsett.

Blaoboxen Bar vil vera open under heile arrangementet.
NB! 18 år aldersgrense på grunn av open bar.
(Er du under 18 år, ta kontakt med karoline@kulturhus.no)

 

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.

Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)