Førjulsmoro - 7.desember 2019

Førjulsmoro bilde

Julemarknad og mykje moro i kulturhuset!

Det er blitt ein tradisjon med Førjulsmoro i Sogndal kulturhus første laurdag i desember. I år blir det laurdag 7. desember!

Det blir stor aktivitet på huset heile dagen.
Julemarknad med salsbodar, underhaldning, ansiktsmåling, kino, nisse, grautsal, juleførestilling og mykje anna moro!
Ta med deg heile familien og kom i julestemning!

I år er det rekordpåmelding på julemarknaden, og me må ta i bruk galleriet i 2.etasje i tillegg til vestibylen i 1. etasje.
Det vil vera fullt opp av flotte produkt og mange spennade julegåver.
Heile 40 utstillarar har meldt seg på i år.


PROGRAM:


• Kl. 10:00 – 15:00 Julemarknad i Vestibylen og på galleriet.

• Kl. 11:00 - 15:00 Ansiktsmåling og teiknebord for barna

• Kl. 11:00 – 14:00 Grautkafè i Blaoboxen

• Kl. 13:00 Kino i sal 2: Sauen Shaun

• Kl. 13:15 Kino i sal 3: Snekker Andersen og Julenissen

• Kl. 14:00 Minikonsert med Sogndal Musikklag i Blaoboxen

• Kl. 15:00 Juleførestilling i Storsalen med Sogn kulturskule, Sogndal Ballettskule og
Sogndal skulemusikk. Gratis inngang!


Kulturhuskiosken er open heile dagen.
Der kan du kjøpa gåvekort som julegåve.


Kanskje julenissen tek turen innom kulturhuset denne dagen og?


OVERSIKT UTSTILLARAR PÅ JULEMARKNADEN⭐️

HUSFLID:

• Gry Marie Øy: Heklaprodukt

• Anna Skarsbø: Strikka varer og veving

• Randi T. Leirdal: Kjolar, skjørt, huer og vesker

• Anita Halvorsen Sjøthun: Papirhobby

• Sogndal Ressurssenter: Tennbrikettar, nissar, flasker og koppar

• Berit Haukereid: Strikk og nissar

• Dagrunn Folkestad: Heimesydde dokkekle

• Astrid Jonstad: Nissar

• Ingela Johansson: Handlaga gåveprodukt, kransar og mosedekorasjonar

• Solbjørg Selseng: Gryteklutar, vesker og støypte lys

• Astri Holum: Ullprodukt, nissar, smykker og bilder

• Bjørg Holum: Strikka vottar, kvistar, vrihassel, kaker og julenøtter.

• Stine Djønne Nornes: Strikka kler til born

• Marita Stalheim: Dørkranser, geiteskinn og deqoupagebilder

• Anne Britt Halset: Eventyrvottar, strikka vottar og huer.

• Marianne Hansen: Keramikk

• Jostein Kvåle: Spekepølse av geit, geiteskinn og kasjmirgarn

• Katalin Bakke: Keramikk




KUNST:

• Arlene Singdahlsen: Kunst

• Tuva Eikevik-Rue: Akvarell og akrylmåleri

• Stine Steig: Handarbeid og måleri

• Åse Karin Øyre: Måleri

• Finn Loftesnes: Foto




TREPRODUKT:

• Torbjørn Stokke: Diverse dreia trevarer

• Einar Nedrebø: Treprodukt

• Jermund Breili: Tredreiing

• Oddbjørn Ramstad: Tredreiing

• Sjur Huke: Juletre og julenek



MAT OG DRIKKE:

• Selseng Gardsysteri: Brun geitost og salatost

• Marås Hjort: Spekepølse, hjorteburger og hjortekjøtt

• Vikja AS: Pinnekjøt, julepølse, fenalår, spekepølse og diverse fryst kjøtt og saueskinn

• Kåre Haugland - Norgesmat: Spekemat og spekepølse

• Yada Thaimat: Vårrullar og frukostblanding

• Synnøve Fretheim: Lefsekling- sunnfjordlefse

• Sognefjord Kaffibrenneri: Kaffi

• Kvåle Skule – Ingebjørg Halset: Karameller

• Knut Erling Øien: Honning

• Asiatisk Butikk Sogndal: asiatisk mat, vårrullar og heimelaga glutefrie kaker




ANDRE PRODUKT:

• Ida Nornes: Forever living produkt

• Tatiana Lægreid: Te, naturleg kosmetikk og gelè/marmelade

• Seltabok - Ole Ramshus Sælthun: Lokale krimbøker

• Hilde Iren Rust: Bakst, broderinkunst, og diverse husflidvarer.