Kulturhusdagen 2019 "Ope hus"

kulturhusdagen

Sogndal kulturhus inviterar alle på "ope hus" på kultruhusdagen 7. september.

Du har heilt sikkert høyrt om Den store kinodagen? Vel, no arrangerast endeleg Kulturhusdagen!

Kulturhus over heile landet markerar for første gang kulturhusdagen første laurdag i september. Sogndal kulturhus ynskjer dermed å invitera alle til "ope hus".

Me har fått med oss mange av dei andre aktørane på kulturhuset, og inviterar folket inn på "ope hus". Me ynskjer å visa fram alt mangfoldet i kulturhuset, og det blir mange forskjellige aktivitetar og moro denne dagen. I tillegg er Storsalen vår nyoppussa, og me gledar oss til å visa fram den flotte salen vår.

PROGRAM FRÅ KL: 12:00 - 15:00:

- Sjå den nyoppussa Storsalen

- Sjå kinosalane: sal 2 og sal 3

- Sjå selskapslokale Blaoboxen

- Gratis ansiktsmåling for barn

- Konkurransar og lykkehjul i Vestibylen

- Kulturspiren:
Gratis inngang for alle barn 5 - 15 år.
Aktivitetane er: Måling på staffeli, spikking, leik med nål og tråd,
sokkedokkeverkstad, perling, teikning og kortlaging.

- Sogndal Bibliotek:
Kl. 13:00 held lesegledar Dag Tore Dysvik lesestund på biblioteket
for barn i alderen 2 - 6 år.

- Sogn kulturskule:
Elevkonsert i vestibylen.

- Sogn brann og redning:
Aktivitetar utanfor på kulturhusplassen

- Restauranthuset Malin
I vestibylen framfor kiosken kan du sjå Restauranthuset Malin sin
kokk mr Cheng vil vise fram tradisjonell kinesisk matkunst. Han
lagar fuglar og dragar ut av grønnsaker. Kom og sjå den utruleg
fantastiske kunsten. Kl. 12:00 - 15:00.

- Spenst:
Gratis inngang og gratis personleg trenging.



GRATIS BOLLAR: KAFFI OG SAFT TIL ALLE!

Woody frå Toy Story kjem innom kulturhuset cirka kl. 14:00!

Det blir kino frå kl. 15:00

Kulturhuskiosken er open frå kl. 12:00.

På kvelden blir det offisiell nyopning av Storsalen i samband med shovet til Linda Eide "Oppdrag Mottro" kl. 19:00.
Les meir og kjøp billettar til shoewet ved å trykka her.