Rakhmaninovs tredje pianokonsert - BFO 18/19

live visning BFO

Live Kino presenterer for første gong Bergen Filharmoniske Orkester live på kino!

Rakhmaninovs romantiske og fengslande tredje pianokonsert og Stravinskys mektige sakrale verk for kor og orkester, og a cappella salmesong gir ein god inngang til påska.

Rakhmaninovs meisterstykke er kanskje det mest krevjande å spele av alle romantiske pianokonsertar. Solisten i Rakhmaninovs pianokonsert er Alexander Gavrylyuk som blir omtala som ein av dei heilt store pianistane i sin generasjon. Han får særleg anerkjenning for sitt på éin gong poetiske og virtuose spel.

Sjølv om Stravinsky var oppdratt innanfor den russisk-ortodokse tru, tok det lang tid før han komponerte religiøs musikk. Først i 1930, kanskje influert av skuldkjensle for sine eigne gjerningar, komponerte han Salmesymfonien, eit mektig og sakralt verk for kor og orkester.

Edvard Grieg Kor innleier konserten med ein russisk påskehymne som truleg både Stravinsky og Rakhmaninov kjente, og som kanskje inspirerte Rakhmaninov til hovudtemaet i hans tredje pianokonsert.