Ingvard Wilhelmsen - Livet er et usikkert prosjekt.

ss

To foredrag i Storsalen med Ingvard Wilhelmsen, kl. 18:00 og kl. 20:00

Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 22 år drive ein liten Hypokonderklinikk ved Haraldsplass Diakonale Sykehus. Han har skreve fleire bøker, bl.a. "Livet er et usikkert prosjekt", "Sjef i eget liv", "Kongen anbefaler" og "Det er ikke mer synd på deg enn andre".

Wilhelmsen fokuserar på våre haldningar. Det meste her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi forheld oss til det som skjer bestemmer vi sjølv. Han tek opp våre haldningar til grubling og bekymring, liv og død, usikkerheit og risiko, fortid og framtid.

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen
Dato: Måndag 16. september
Tid: Kl. 18:00 og kl. 20:00

 

Billettprisar:
Kr. 375,- Ordinær
Kr. 350,- Gruppe, rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla.

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00. NB! Sommarstid opnar kiosken 30 minuttar før første film tysdag - søndag.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Ynskjer du å reservera billettar til ei større gruppe, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Ynskjer du å kjøpa billettar og betala med faktura, ta kontakt med sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)