Øyrehagen

u

Konserten starta kl. 21:00 og dørane opnar kl. 20:00.

Øyrehagen er attende i Blaoboxen, tre år etter at alt starta. For det var nemleg i Blaoboxen den første konserten vart spelt. Med ei relativt fersk plate i bagasjen og masse nye songar på lur, er Øyrehagen klar til å dra opp stemninga i Blaoboxen att. Frontfigur Håvard Øyrehagen har med seg fullt band på denne konserten og me kan vente oss alt frå vare balladar til fengande poprock. Øyrehagen bevegar seg i eit melodiøst, litt drøymande lydlandskap og med vekt på gode melodiar. Tekstane er sjølvsagt på norsk og spenner ganske vidt frå død til kjærleik, og alt innimellom.

Øyrehagen er endeleg komen heim, mellom dei vakre men litt mørke fjella i Sogn, og skildrar livet på sitt skeive og mest intense. Du kan høyre i tekstane at livet ikkje berre har oppturar, men at soli skin fram mellom skyene av og til. Øyrehagen har også vore i Ocean Sound studio på Giske og tidlegare Sounderground studio med Arne Aasland som produsent og har spelt inn albumet Nordland. Neste album er venta å komme i løpet av 2019.

Blaoboxen Bar vil vera open under heile arrangementet. NB! aldersgrense 18 år.

Stad: Blaoboxen, Sogndal kulturhus
Dato: Laurdag 16. mars 2019
Dørane opnar: kl. 20:00
Konsertstart: kl. 21:00

Billettpris: kr. 200,- + billettavgift.

Billettar kan kjøpast her.

Eller i kiosken på kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du i kiosken på Sogndal Kulturhus eller du kan sende ein mail til sogndal@kulturhus.no