Sogn og Fjordane Teater: Jostedalsrypa

jostedalsrypa liggande ny

JOSTEDALSRYPA – EIN EVENTYRMUSIKAL Av Maria Tryti Vennerød og Julian Skar

Jostedalsrypa er Norges svar på Jungelboka, med ei tøff jente i spissen. 

I Sogn og Fjordane er vi godt kjende med segna om Jostedalsrypa. Jenta overlever Svartedauden som tar livet av meir enn annankvar nordmann midt på 1300-talet. Heilt åleine må ho klare seg seg gjennom vinteren, og innan ho blir funnen neste vår, er ho blitt skjerr som eit vilt dyr. Korleis overlever ho? Og kvar tar ho motet ifrå?  

Familiemusikalen Jostedalsrypa er inspirert av segna, men tar oss med vidare inn i ei eventyrleg og magisk musikalsk verd. Den heltemodige jenta Rypa ber forteljinga på dei spinkle skuldrene sine, og det heile er pakka inn i melodiøse poplåtar som publikum garantert kjem til å nynne på når det går ut døra. Bak står to av dei ypparste samtidskunstnarane vi har: dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar. Torkil Sandsund har regien og set sin umiskjennelege signatur på framsyninga.  

Jostedalsrypa er Norges svar på Jungelboka. Musikalen handlar om korleis ei jente finn motet og kreftene til å overleve utan andre menneske gjennom ein lang og kald vinter. I den mørkaste timen, når ho trur at ho er heilt åleine, viser det seg at ho har vener som ho ikkje visste om. 

 

Med: Reidun Melvær Berge, Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård, Oda Kirkebø Nyfløtt m.fl.  
 
Av: Maria Tryti Vennerød og Julian Skar. Regissør: Toril Sandsund. Kostymedesignar og scenograf: Dordi Strøm. Lysdesignar: Krystian Myska . Foto: David Zadig

 

Høver for born frå 7 år

 

Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen

Dato:
Torsdag 5. desember kl. 18:00

Fredag 6. desember kl. 12:00

Varigheit: Ca. 1,5 t. utan pause.

 

 

Skuleklassar? Ta kontakt med karoline@kulturhus.no om din klasse ynskjer billettar. Kr. 130,- pr. billett for skuleklassar.

 

 


 

Billettprisar:
Kr. 350,-   Vaksen
Kr. 290,-   Honnør
Kr. 290,-   BOB, må vise medlemskort ved inngang eller henting av billettar
Kr. 290,-   Gruppe 5+, ved kjøp av minimum 5 billettar samla.
Kr. 270,-   Teatervenner Sogn, må vise medlemskort ved inngang eller henting av billettar
Kr. 180,-   Familiepris; Gjeld berre ved kjøp av 4 billettar samla.
Kr. 130,-   Student, studentbevis må visast ved inngang eller henting av billettane
kr. 130,-   Barn under 16 år
Kr. 150,-   Scenekort, Må kjøpast i kiosken på kulturhuset og scenekort må visast ved kjøp.
 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.

Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)