Sogn og Fjordane Teater: Alt det lyse og alt det mørke

t

ALT DET LYSE OG ALT DET MØRKE
Av Brynjulf Jung Tjønn

«Alt det lyse og alt det mørke» er ei sterk forteljing om korleis omsorgssvikt kan gå i arv frå slektsledd til slektsledd. 

Det spesielle er at historia blir fortald frå barnet sitt perspektiv. Vesle Vibeke er glad viss ho berre får vere med faren i tømmerskogen. Under dei dansande snøfillene gløymer ho både kulde og svolt. Men uansett kor hardt ho tviheld på desse lysglimta, forsvinn faren i skuggane. 

Kva så når ho sjølv blir mor i ung alder? Vil ho klare å gi dottera Hildegunn ein lysare oppvekst?

Bak stykket står eit kraftlag frå Vestlandet. Det er andre gongen Miriam Prestøy Lie set i scene ein roman av Brynjulf Jung Tjønn. I 2016 laga ho teater av brageprisvinnande «Så vakker du er» med Thea Hjelmeland på scena, som vart ei ei kritikarrosa framsyning. Arbeidet blir no vidareført med bergensmusikar Selma Frida Stang som miksar elektronisk, pop, folketonar og salmar, og framfører musikken live. Det heile er pakka inn i scenograf Dordi Strøm sitt visuelle, leikande og vakre univers.

Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen
Dato: Laurdag 26. januar 2019
Tid: kl. 18:00

Billettprisar:
Kr. 350,-   Vaksen
Kr. 290,-   Honnør
Kr. 290,-   BOB, må vise medlemskort ved inngang eller henting av billettar
Kr. 290,-   Gruppe 5+, ved kjøp av minimum 5 billettar samla.
Kr. 270,-   Teatervenner Sogn, må vise medlemskort ved inngang eller henting av billettar
Kr. 220,-   Lansering, tilbod i samband med lansering av repetoar 2019. Tilbodet gjeld til 31.12.2018.
Kr. 130,-   Student, studentbevis må visast ved inngang eller henting av billettane
kr. 130,-   Barn under 16 år
Kr. 150,-   Scenekort, Må kjøpast i kiosken på kulturhuset og scenekort må visast ved kjøp.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt. Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)