Jazzklubb med Sogndal storband

s

Sogndal storband inviterer til jazzklubb i Blaoboxen torsdag 15. november.

Dei er Sogns einaste (og klart beste) storband som har spesialisert seg på musikk frå storbanda sin gullalder frå 1930, 40- og 50-talet.
Storbandet og vokalist Odrun serverer perler av Ellington, Basie og andre jazzlegender i eit smakfullt program til glede for eit kresent publikum.

Sogndal storband ønskjer jazzinteresserte i heile regionen velkommen til ein stemningsfull kveld i Blaoboxen midt i november.

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus

Dato: Torsdag 15. november

Dørane opnar: kl. 19:00

Konserten startar: kl. 20:00

Billettpris kr. 200,-

 

Det er fritt seteval!

 

Blaoboxen Bar vil vera open under arrangementet.
NB! 18 års aldersgrense.

 

Billettar får du kjøpt i kiosken på kulturhuset, tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00, eller på nettet døgnet rundt.
Trykk på klokkeslett-knappen over for å komme til billettsal.