Jubileumskonsert - Sogndal Musikklag 90 år!

musikklaget

Sogndal Musikklag feirar 90 år med jubileumskonsert i Storsalen søndag 25. november.

Sogndal Musikklag vart stifta hausten 1928 og det er no såleis akkurat 90 år sidan skipinga.

I samband med jubileet vil musikklaget arrangere ein konsert i kulturhuset, der de får musikalske smakebitar frå laget sitt repetoir.
Denne gongen har laget med seg 2 talentfulle lokale vokalistar: Gunn Marit Kvåle og Marius Loftesnes.

Denne kvelden ynskjer musikklaget å vise fram den musikalske spennvidda som eit korps har å by på, difor er det eit særs variert program som skulle passe til ein kvar smak – alt frå klassisk musikk til pop.

 

 

Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen

Dato: Søndag 25. november 2018.

Tid: kl. 18:00

Billettpris: kr. 200,-

Varigheit: ca. 1,5 t.

 

Billettar kan kjøpast ved å klikka her.
Eller i kiosken på kulturhuset.
Kan reservera billettar i kiosken på kulturhuset, hentefristen er 7 dagar.
Tlf kiosken: 57673300 og opningstidene er tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar kan reserverast i kiosken  på kulturhuset eller via telefon.
Kan også sende e-post til sogndal@kulturhus.no for å bestille følgjekortbillettar. (denne e-posten blir berre lest på dagtid måndag - fredag)