Hakuna matata - Elevkonsert med Sogn kulturskule

h

Konsert med elevar frå Sogn kulturskule i Storsalen!

Du gløymer sorger
Som du møter på jord
Det er ein problemfri
filosofi
Hakuna Matata

Kulturskulen sin haustkonsert har Disney som tema.
Elevar og lærarar tek deg inn i dette spennande universet med musikk laga til, eller brukt i ei rekkje filmar.
Du får høyra highlights frå Løvenes konge, Aladdin, To på rømmen (Tangled), Frost, Den lille havfruen med fleire.

Sogn kulturskule ønskjer alle velkommen til konsert i kulturhuset den første dagen i november, og håpar publikum vil kosa seg i lag med oss. Velkommen!

 

 

 

 

 

 

Stad: Storesalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Torsdag 1. november 2018.

Tid: kl. 19:00

 

Varigheit ca. 1,5 t.

 

Billettprisar:

Vaksne: kr. 100,-

Gruppe: kr. 60,- pr. billett ved kjøp av 4 billettar eller fleire samla.

Born under 15 år: Gratis

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

Følgjekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.