Pernille Sørensen- Kultur

p

Pernille Sørensen er endeleg tilbake med ei ny solo-framsyning!

Det har gått åtte år sidan kritikerroste «Flink pike». Sidan sist har Pernille blant anna vore lagleiar i «Nytt på nytt», spelt i «Side om side» på NRK1 og blitt kåra til årets mest morosam av folket under komiprisen i 2016.

No har ho altså laga standupframsyninga «Kultur». Framsyninga handlar om kultur i alle formar og variantar. Høgkultur, lavkultur, kliss ny populærkultur og eldgamal upopulær kultur. Bakteriekultur og motkultur, snikskryt og tupé, basehopping og nakenbading.

Pernille Sørensen er meir enn klar for å navigere oss alle gjennom livets kulturelle labyrint.

Terningkast 6 Høy klasse, briljerer om kultur! - MORGENKLUBBEN MED LOVEN & CO (RADIO NORGE)
Terningkast 5 Smart, morsom og finurlig forestilling! - VG
Terningkast 5 Bare gled dere! - DAGSAVISEN

Dette kan fort bli haustens artigaste framsyning– den 19. oktober brakar det laust i Sogndal Kulturhus, om du er interessert i kultur eller ei!

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storesalen

Dato: Laurdag 19. oktober 2019

Tid: Kl. 19:00

Varigheit: ca. 75 minutt

 

 

 

 

 

Billettprisar:

Ordinær  kr.  485,-

Gruppe   kr.  455,- (Grupperabatt ved kjøp av minimum 8 billettar samla)

Student  kr.  415,- (Studentbevis må visast ved kjøp/inngang)

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du i kiosken på Sogndal Kulturhus.

 

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.