Julesong 2018 med Tone Damli

Tone

Julekonsert i storsalen med Tone Damli, Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Marit Kvåle. To konsertar; 17:00 og 19:30.

I fjor hadde Julesong tre fulle hus i Sogndal Kulturhus! I år er songarane i Julesong tilbake med saman med erfarne musikarar som Inge Ronny Kvåle (strengeinstrument), Bjørn Tore Årøy (tangentar), John Børge Askeland (bass), og Trond Øyre (lyd- og lysdesign).

Konsertane som garanterer julestemning og gåsehud er sett saman av songar som høver til advents- og førjulstida.

Kremlaget som dannar “Julesong 2018” vil dei fleste kjenna att frå konsertane i åra før, og frå tidlegare julekonsertar og andre framsyningar i Sogn dei siste åra. Og ikkje minst TV-programmet “ NRK Julelutt” som vart vist på NRK1 på julafta 2014.

Tone stiller mellom anna med melodiar frå sitt julealbum “Di Første Jul” som kom ut i 2014. Kari vil mellom anna bidra med tradisjonsstoff frå folkemusikk og salmar, medan Einar og Gunn Marit syng fleire av dei mest kjende julesongane, og andre sangar som høver i førjulstida.

Set av kvelden slik at du kjem i julestemning i år du òg.

 

Tid: Søndag 9. desember kl. 17:00 og 19:30

Stad: Sogndal Kulturhus, Storesalen

Varigheit: ca. 1,5 t.

Billettpris: kr. 400,-

 

Billettsalet starta torsdag 4. oktober kl. 18:00

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.
 

Rullestol?  Me anbefalar å kjøpa billettar på rad 5 for rullesolbrukarar. Har reservert nokre seter til dette, så ta kontakt med kiosken.

 

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 3 dagar.